Slekt og Data Søre Sunnmøre
Velkomen til Slekt og Data Søre Sunnmøre! Her tar vi opp ulike tema som hjelper deg å finne røtene dine. Alle er velkomne, uavhengig av erfaring.
Fiskaren: Foto: Privat
Slekt og Data Søre Sunnmøre er ei lokal gruppe under Slekt og Data Møre og Romsdal. Gruppa blei stifta 31.01.2017. Vi omfattar Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda.
Her kan du kome anten du er heilt fersk slektsforskar eller meir erfaren. Vi held månadlege møte for alle slektsinteresserte. Her tar vi opp ulike tema som kan vere ei hjelp for deg til å finne røtene dine. På nokre av møta kan vi også hjelpe kvarandre å finne våre eigne familiehistorier og løyse slektsgåter. Desse kallar vi "Slektsforskarkveld".
Når er møta?
Våren 2023 har vi møta på tysdagar. Sjå kalender og program! Møta varer frå kl. 18.00 til 20.30. Medlemmer i Slekt og Data får påminning om møta i e-post . Vi gir også melding om dette i Facebookgruppa vår: Slekt og Data Søre Sunnmøre (Be om å bli medlem!)
Kvar er møta?
Vi har møta biblioteket i Ulstein Arena i Ulsteinvik. Der er garasjekjellar som er ope fram til kl. 21.Der er det og ein kiosk kor du kan få kjøpt kaffi og litt å bite i når vi tar ei lita pause.
Meir informasjon om møta
Møta er opne for alle som er interesserte i slektsgransking.
Vi har god tilgang til trådlaust internett, slik at du kan bruke eigen pc. Dersom du ikkje brukar programvare som ligg på eigen PC, kan du nytte Chromebooks som er tilgjengelege på møteplassen vår.