Slektsforskardagen 2022

«Det digitale dødsbo» og «ta vare på fotoene dine» var to foredrag til ettertanke for de frammøtte. Det ble en interessant, lærerik og triveleg dag for dei som deltok på Slektsforskardagen 2022 i Molde siste lørdagen i oktober.

Slektsforskerdagen 2022 Molde

«Det digitale dødsbo».

Heidi Sitara Fjeldvig. Fotograf: Annlaug Lianes

Heidi Sitara Fjeldvig

Heidi Sitara Fjeldvig frå Oslo, velkjent for sin interesse for og kompetanse på DNA-testing i slektsforsking, hadde premiere på sitt foredrag «Det digitale dødsbo».

I Molde nytta ho sin store kompetanse i digitale media til å belyse eit lite påakta, men svært viktig, tema: Kva skal skje med alt materiale du har samla digitalt den dagen du går bort? Skal nokon av dine gå gjennom det og ta vare på det? Korleis skal du sikre at dei får tilgang? Kva med løpande abonnement på slektsforskingsprogram og liknande som blir fornya ved autotrekk? Og har du tatt høgde for at alle digitale hjelpemiddel etter få år blir utdatert og ikkje kan brukast meir?

Foredraget var svært konkret retta, og ga tilhøyrarane mange praktiske tips til ettertanke. Som avslutning fekk vi desse gode råda:

Gå heim og rydd opp. Ver kritisk til kva som skal bevarast.

Skaff deg ein ekstern disk til lagring.

Oppdater dataformatet med få års mellomrom.

Ta ut viktige dokument på papir.

Lag fotobok.

Lag ei framtidsfullmakt for kva som skal skje med ditt digitale dødsbo.

 

Å komme i gang med slektsforsking

Erling Nerheim, nestleiar i Slekt og Data Molde, forklarte på ein enkel måte kva som kan vere motivasjonen for å starte med slektsforsking. Kvar informasjonen er å finne, han viste til Digitalarkivet og kva hjelp du kan finne på Slekt og Data sine sider, og andre kjelder du kan nytte deg av.

Hans gode råd til slutt var å bli medlem av Slekt og Data og komme på møta våre, der du kan få mykje inspirasjon og kunnskap og hjelp til å komme deg vidare i slektsforskinga di.

 

Ta vare på dine foto

Marit Brunstad, daglig leder hos Sponland Foto AS. Fotograf: Annlaug Lianes

Fotograf: Annlaug Lianes

Marit Brunstad, daglig leder hos Sponland Foto AS i Ålesund, delte villig av sin erfaring og kunnskap om temaet å ta vare på våre foto.

Etter litt historikk om Sponland Foto AS, forklarte Marit Brunstad om nødvendigheita for å ha back-up for digitale bilde. Det kan vere ein ekstra hard-disk (som må oppdaterast) eller ved å lagre foto i «skyen», t. d hos den norske aktøren Jottacloud.

Vidare vart vi minte på kva fotobutikken kan hjelpe til med når det gjeld digitalisering av gamle foto i ulike format, t.d. negativ og dias. Der er også gode metodar for restaurering og retusjering av gamle bilde.

Gode råd til slutt: Lag fotobøker og liknande av gamle bilde for å formidle historia til nye generasjonar. Gode dåps- og konfirmasjonsgåver.

 

Militære protokollar

Leiar i Slekt og Data Møre og Romsdal og lokalhistoriker Jonny Lyngstad ga oss eit innblikk i kva ein kan finne av opplysningar om den mannlege delen av befolkninga i Militære rullar/lister. Alle gutar vart innskrivne i den såkalla Ungdomsrulla/lista alt ved fødselen. Militærrullane er spesielt gode å ty til når det gjeld å finne opplysningar om personar for åra rundt 1800. Folk flytta mykje, og kyrkjebøkene har sjeldan opplysningar om kvar mannfolka var fødd, men det kan du ofte finne i militærlistene.

Jonny Lyngstad viste korleis ein kjem inn på militærrullane via Digitalarkivet.

Mange av militærrullane som finst er ikkje skanna og lagt ut, men dei er tilgjengeleg på Statsarkivet i Trondheim. Jonny anbefalte interesserte å nytte sag av tilbodet om å besøke lesesalen på Statsarkivet. Dei tilsette leitar fort opp dei kjeldene du er på jakt etter.

 

Gurru Clemetsdatter, ei tipp-tipp oldemor til besvær

Eva Hjelen, leiar i Molde Slekt og Data, ein svært engasjert slektsforskar fortalte om mysteriet med tipp-tippoldemora frå Meldal som blir vekke frå kjeldene lenge før sin død. Gurru Clemetsdatter, fødd i Meldal i 1809, dukkar opp i kyrkjebøkene med visse mellomrom utover på 1800-talet, men blir fullstendig vekke etter 1864. Kvar var ho siste del av livet og kvar døydde ho? Etter svært mykje søking utan resultat, meldte Eva inn spørsmålet på Slektsforum i Slekt og Data. Etter kort tid tikka det inn informasjon frå Kristiansund: Gurru Clemetsdatter hadde tilbrakt siste året av sitt liv der og døydde på sjukehuset i byen i 1873! Fattigprotokollane frå Meldal, lagra på Interkommunalt Arkiv, IKA Trøndelag, ga fleire opplysningar om skjebnen til Gurru Clemetsdatter.

 

Nok eit godt tips til tilhøyrarane om nyttige innfallsvinklar i slektsforsking. Bruk Slektsforum til Slekt og Data når du treng ekstra hjelp , og benytt deg av Interkommunalt Arkiv i det aktuelle fylket som kan skanne eller gjøre oppslag i upubliserte kjelder for deg.

 

Slektsforskerdagen 2022 ble arrangert av Slekt og Data Molde laurdag 29. oktober på Molde kulturskole. Eva Hjelen og Erling Nerheim var møteleiarar. Om lag 60 frammøtte fekk høyre interessante og lærerike fordrag. Mellom foredraga var det god tid til mat og kaffi og ein god prat i kantina.

Ennå ikke medlem

i Norges største organisasjon for slektsforskere?

Se alle medlemsfordeler

Annonse:

banner ad

Annonse:

banner ad